Hopp til innhold
X
Innhald

Riksvegen Sogndal-Leikanger

Fatlabergrunnelen på vegen Sogndal-Leikanger vart opna i 2008. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Fatlabergrunnelen på vegen Sogndal-Leikanger vart opna i 2008. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Bussen frå Fortun til Leikanger har teke ein stans i Fardal. Biletet er teke ein av dei første somrane etter at vegen mellom Sogndal og Hermansverk vart opna i 1937. Foto: Normann. Eigar: Ivar Falck Husum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bussen frå Fortun til Leikanger har teke ein stans i Fardal. Biletet er teke ein av dei første somrane etter at vegen mellom Sogndal og Hermansverk vart opna i 1937. Foto: Normann. Eigar: Ivar Falck Husum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Riksvegen frå Sogndal til Leikanger har vore ein av dei mest rasutsette vegstrekningane i Sogn og Fjordane sidan den vart opna i 1937. Tallause gonger har vegen vorte stengd av ras i Fatlaberget og Stedjeberget, og i eitt tilfelle enda det tragisk.

Riksvegen vestover frå Sogndal var bygd ferdig frå Sogndal til Slinde i 1933. Resten av vegen gjennom Fatlaberget mot Hermansverk vart broten igjennom av eit arbeidslag på i alt 50 mann i 1937.

Stor rasfare

Vegen framom Fatlaberget har vore ein av dei mest rasfarlege riksvegstrekningane i Sogn og Fjordane, og fleire gonger har det vore nære-på-hendingar. Hausten 2007, eit knapt år før den etterlengta tunnelen var ferdig, enda det tragisk med at ein ung, kvinneleg sjåfør vart drepen av eit steinras. Også i Stedjeberget mellom Fardal og Sogndal har det gått fleire store ras som har sperra vegen i vekesvis.

Folkeaksjon for rassikring

På 1990-talet skipa folk i Leikanger og Sogndal ein aksjonskomité for å presse fram tunnelar framom dei mest utsette raspartia. I mai 2007 opna ein 2100 meter lang tunnel gjennom Stedjeberget, og hausten 2008 vart ein 2300 meter lang tunnel gjennom Fatlaberget opna. Rassikringa med tunnelar, bruer og nye vegar kosta til saman vel 330 millionar kroner. Veganlegget vart delvis finansiert med bompengar, men i 2013 avgjorde regjeringa Solberg at det skulle bli slutt på bompengeinnkrevinga på vegen, og det vart gjennomført 31. januar 2014.

Stedjebergtunnelen vart opna i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedjebergtunnelen vart opna i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.01.2014