Hopp til innhold
X
Innhald

Riksvegen Sogndal–Fjærland

Her i Fjærland la trafikantane att over 700 millionar kroner frå 1994 til 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her i Fjærland la trafikantane att over 700 millionar kroner frå 1994 til 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Sogndal-Fjærland

vart opna i 1994, og knytte indre Sogn til resten av fylket med heilårs og ferjefritt vegsamband. Vegen går gjennom Bergstunnelen på 2595 meter i Fjærland til eit flott utsiktspunkt over Fjærlandsfjorden, før riksvegen går gjennom Frudalstunnelen på 6758 meter til Sogndalsdalen. I Sogndalsdalen går riksveg 5 i hovudsak på sørvestsida av dalen ned mot Sogndal.

Kåre Lerum  var den store pådrivaren for å byggje veg gjennom Sogndalsdalen til Fjærland. Her har han tent lunta til salven som gav gjennomslag i Frudalstunnelen. Til venstre tunnelarbeidar Bjørn Kalhagen.  Foto:  Olav Handeland. Eigar: Statens Vegvesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein stor del av finansieringa er skaffa til veges ved innkrevjing av bompengar ved bomstasjonen i Fjærland. Det var selskapet Fjærlandsvegen AS som stod for innkrevjinga av avifta. Bompengeavgifta på det såkalla "Tverrsambandet" var kjent for å vere mellom dei høgste i landet.

Riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærlandskortet

Sidan bomstasjonen låg slik til at mange fjærlendingar mått gjennom bommen for å kunne reise i sin eigen heimekommune, vart det ordna med eit frikort - Fjærlandskortet - som gav bygdefolket rett til å passere riksvegbommen mot ei mindre årleg avgift.

Frudalstunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frudalstunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slutt på bompengane i 2010

Då vegsambandet opna i 1994 vart det rekna med at trafikantane måtte betale bompengar ut 2011. Men auka trafikk gjorde at vegen var nedbetalt vel eitt år tidlegare, og 26. november 2010 vart den siste dagen med bompengar. Då hadde taksten for personbil stige frå 105 kroner i 1994 til 180 kroner i 2010, medan vogntog måtte betale 810 kroner for kvar passering siste året. I alt betalte trafikantane over 700 millionar kroner i bompengar på dei vel 16 åra.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa var til stades då bomstasjonen i Fjærland vart lagd ned etter 16 år med dyr passering. Til høgre Kjell Fodnes, som representerte innbyggjarane i Fjærland. Foto: Hans Kristen Hyrve, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.08.2011