Hopp til innhold
X
Innhald

Runestein ved Stedje kyrkje

Runesteinen står ute på reina, med utsyn mot sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Runesteinen står ute på reina, med utsyn mot sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Runesteinen med Stedje kyrkje i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Runesteinen med Stedje kyrkje i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Like ved Stedje kyrkje står ein 1,89 meter høg og 0,39 meter brei runestein. Steinen er truleg sett opp ein gong i mellomalderen.

Innskrifta på steinen er tyda til: «Kong Olav skaut mellom desse steinane».

Runologane trur innskrifta er frå kring 1100.

Segna vil ha det til at dette provar at Olav den heilage var i Sogndal, der han også var opphav til eit par «Olavskjelder» i Årøy og ved Ormalseng - sjå: Olavskjelda i Årøy.

Vinteren 2012 vart toppen av steinen knekt fordi det vart dumpa store mengder snø på han.

Runerekkja frå steinen på Stedje: ”Kong Olav skaut mellom desse steinane,” står det.

Runerekkja frå steinen på Stedje: ”Kong Olav skaut mellom desse steinane,” står det.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2012