Hopp til innhold
X
Innhald

Same eigar i Amla, Stedje og Kaupanger

På denne blyantteikninga frå 1865 ser vi Amla-gardane på andre sida av bukta, med Kaupanger Hovedgård og stavkyrkja nærast. © Riksantikvaren/Sogndal Sogelag.

På denne blyantteikninga frå 1865 ser vi Amla-gardane på andre sida av bukta, med Kaupanger Hovedgård og stavkyrkja nærast. © Riksantikvaren/Sogndal Sogelag.

Gardane i Amla var midt på 1600-talet eigd av den rike adelsmannen og riksråden Iffuer Wind, som også hadde hand om Kaupanger og Stedje-godsa - sjå: Kaupanger og Stedje vert adelsgods.

Men sidan Wind sjølv ikkje budde i Sogn, sette han ein mann frå Holstein, Anders Feddersen, inn som paktar på Kaupanger.

I 1650 skøytte så jordeigaren Iffuer Wind garden Lillejorden i Ambla som gåve til paktaren Anders Feddersen. Handelen skjedde med god hjelp frå den illgjetne futen Gjøde Pederssøn.

Les meir om Amla-gardane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011