Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Sogndal

Då tverrsambandet Sogndal-Skei om Fjærland vart opna i 1994 var det ein samferdslerevolusjon for heile fylket. For Fjærland førde det til at bygda flytta over frå Balestrand til Sogndal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle ferdslevegar i Sogndal

I eldre tid var det ferdslevegar frå Sogndal til Hafslo om Årøydalen,frå Fjærland til Veitastrond gjennom Supphelledalen og frå Eide til Kaupanger.

Køyrevegar i Sogndal

Dei første vegane for hest og kjerre vart opna i 1848, frå Sogndal til Marifjøra og frå Kaupanger til Loftesnes.

Riksveg 55 mellom Sogndal og Hafslo ved Årøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksveg 55 mellom Sogndal og Hafslo ved Årøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jernbaneplanar i Sogndal

Sogndal var i 1890 samlingsstad for eit folkemøte om linevalet for den påtenkte Bergensbanen. Her skreiv kring 300 sogningar på kravet om at Bergensbanen måtte byggjast etter «fjordlina» Hemsedal-Lærdal-Aurland-Voss.

Første rutebilen i Sogn. © Fylkesarkivet.

Første rutebilen i Sogn. © Fylkesarkivet.

Den første rutebilen i Sogndal

Indre Sogn Automobilselskap A/S og seinare Indre Sogns Automobillag og Sogn Billag har vore dei dominerande trafikkselskapa i Sogndal og grannekommunane heilt frå 1916.

Frå 1934 har ferjer spela ei vikig rolle i samferdsla i Sogndal. Her har ferja Sognefjord lagt frå kai i Kaupanger på veg til Gudvangen med turistar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1934 har ferjer spela ei vikig rolle i samferdsla i Sogndal. Her har ferja Sognefjord lagt frå kai i Kaupanger på veg til Gudvangen med turistar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferdsla på fjorden i Sogndal

– stoppestadar og ferjesamband.

Sogndal Lufthamn

Sogndal Lufthamn på Haukåsen vart opna i 1971, samstundes med småflyplassen i Florø og småflyplassen på Øyrane i Førde.

Widerøe har hatt konsesjon på rutene til og frå Sogndal Lufthamn sidan 1971. Foto: Morten Holm, Scanpix.

Widerøe har hatt konsesjon på rutene til og frå Sogndal Lufthamn sidan 1971. Foto: Morten Holm, Scanpix.

Posten i Sogndal

Fram til midten av 1800-talet vart Sogndals-posten send med kurér eller tilfeldige privatpersonar frå innløpet til Sogndalsfjorden. Men Sogndal utvikla seg etter kvart til ein administrasjonsstad for mangt og mykje i indre Sogn, og Sogndal postopneri vart opna i 1841 på Loftesnes.

Telefonen i Sogndal

Kaupanger, Amla og Sogndalsfjøra fekk rikstelefon i 1896.

Storehogen hovudsendar

for radio og fjernsyn vart bygd i 1959. Stasjonen fekk då eit 42 meter høgt antennetårn.

Øvingsbane på Kaupangerskogen

I 1988 bygde Sogn Motorsenter øvingsbane for motorkøyrety på Kaupangerskogen. I 2002 vart den første godkjende go-cart-bana i fylket opna like ved øvingsbana.

Passasjerene ros ut til dampbåten heiter dette måleriet til Anders Askevold. Det fortel om samferdsla før det vart bygt skikkelege kaier. © Blomqvist Kunsthandel.

Passasjerene ros ut til dampbåten heiter dette måleriet til Anders Askevold. Det fortel om samferdsla før det vart bygt skikkelege kaier. © Blomqvist Kunsthandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.08.2011