Hopp til innhold
X
Innhald

SGN skis AS

SGN skis AS. Produsent av frikøyringsski. Firmaet vart starta i Sogndal i 2012 av Tore Frimannslund, Torgeir Sværen Henjum, Steinar Nes og Dagfinn Henjum Sværen. Dei to førstenemnde hadde teke til å lage ski i ein garasje i Leikanger i 2005. Alle fire var lokale skikøyrarar som ville ha ski som var spesialbygde for toppturar.

I 2015 tilbyr SGN skis AS seks ulike skimodellar. Skia blir produserte i Kina.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Først publisert: 17.06.2015
Sist oppdatert: 05.08.2015