Hopp til innhold
X
Innhald

Signe Bøyum Fjærtoft

Signe Bøyum Fjærtoft (1921-2007) frå Fjærland, busett i Ålesund. Husmor og Venstre-politikar.

Medlem av Ålesund bystyre i fire periodar, derav to i formannskapet. Medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal 1976-1980. Har leia fleire utval i samband med utbygging av eldreomsorga på Sunnmøre, og var sterkt engasjert i arbeidet for tryggare trafikk. Medlem av Postrådet i åtte år.

Dotter til Anders Johannesson Bøyum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008