Sjukehusplanar i Sogndal i 1964

Sogndal var nær ved å få sjukehus på 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Begge dei kombinerte distrikts- og fylkeslegane Ludvig Trædal og H. J. Blaauw kom i si tenestetid opp i harde stridar om lokalisering av nye sjukehus i fylket.
Trædal la seg ut med indresogningane då han i mellomkrigstida støtta sjukehusplanar i Høyanger i staden for nytt Sogne-sjukehus på Leikanger. Blaauw opna som leiar i eit utval for det som etter kvart skulle utvikle seg til den bitre sjukehusstriden kring 1970. Han vart i 1963 leiar i eit fylkeskommunal nemnd som i 1964 gjekk inn for utbygging av lokalsjukehusa i Høyanger, Florø og Nordfjordeid, og nytt sjukehus for indre Sogn i Sogndal.
Sjukehusstriden 1967–1972
Det politiske miljøet og fleirtalet i fylkestinget var på god veg til å få dette desentraliserte mønsteret gjenomført, då Rolf Hegbom tok over som fylkeslege i 1966. Med helsedirektør Karl Evang som sterk medspelar, fekk Hegbom stoppa lokalsjukehusplanen og lansert planen om sentralsjukehus for fylket i Førde.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 31.08.2011