Hopp til innhold
X
Innhald

Skogen skapte rikdomen

Setegardsprivilegiet gav Kaupanger-godset rett til å skipe trelast direkte til utlandet. Skogeigarane på Kaupanger hadde også eigne jekter for transport av trevirke til Bergen.

Då Iffuer Wind døydde, arva dottera Karen alt jordegodset. Ho var gift med krigskomissær og «befalingsmann til Nordlandene», Preben von Ahnen til Bodøgaard. Sonen og arvingen deira, Iffuer (Iver) von Ahnen overtok som eigar av Kaupanger, Stedje og Losnagodset i Sogn. Han vart kammerjunker og seinare stiftsmann i Trondheim.

Om svigerfaren Iffuer Wind hadde vore stor jordeigar, så vart dottersonen Iffuer von Ahnen endå større, og var ein av dei mektigaste godseigarane i Noreg i si tid.

Knagenhjelm tek over Kaupanger, Stedje og Losnagodset

Knagenhjelm tek over Kaupanger, Stedje og Losnagodset

Sidan von Ahnen var barnlaus, selde han i 1710 både Kaupanger, Stedje og Losnagodset til lagmann Niels Tygesen Knag i Bergen. Knag var sjølv busett på storgarden Hop ved Bergen, og fekk også kontroll over store eigedomar etter Munkeliv Kloster. Niels Knag vart adla i 1721 og fekk namnet Knagenhielm, og sidan har dette vore slektnamnet for eigarane av Kaupanger Hovedgård.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011