Hopp til innhold
X
Innhald

Skredulukka på Vatlestad 1836

Fjellet Skriki til høgre. Derifrå kom raset som i 1836 tok 16 menneskeliv i Øvstedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjellet Skriki til høgre. Derifrå kom raset som i 1836 tok 16 menneskeliv i Øvstedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skredulukka i Øvstedalen ved Fardal i 1836 er ei av dei største naturkatastrofene som har råka Sogn i nyare tid:
I femtida om ettermiddagen den 10. februar tok skredet begge gardstuna på Vatlestad, og 16 menneske omkom.

Skredet kom frå det 1232 meter høge fjellet Skriki på sørsida av Øvstedalen. Soga fortel at det like før hadde snødd kraftig, og sterk vestavind hadde lagt opp ein veldig skavl oppe på fjellbruna på Skriki. Om ettermiddagen den 10. februar 1836 brotna skavlen og rasa ned gjennom Kløvergjølet. Skreda råka dalbotnen med slik kraft at den skaut opp mot gardane på Vatlestad på nordsida. Fonnvinden slo alle husa i tuna i filler, og ingen der slapp levande unna.

På den eine garden omkom eit ektepar og seks av borna deira og ein kårmann. I det andre tunet vart gardenkja drepen saman med tre søner, to døtre og ein liten gut som var på vitjing.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2011