Hopp til innhold
X
Innhald

Skulane ved Fjærlandsfjorden

Romøyri, der dei fekk lov til å ha skule vinteren 1916, men elles måtte ungane til Jordal og seinare til Mundal for å gå på skule.

Romøyri, der dei fekk lov til å ha skule vinteren 1916, men elles måtte ungane til Jordal og seinare til Mundal for å gå på skule.

Lærarar måtte pendle

Fjærland høyrde fram til 2000 til Balestrand kommune, der også skulekrinsen Eitorn på austsida av Fjærlandsfjordmunningen høyrde til Balestrand kommune fram til 1964. I eldre tider måtte lærarar ofte pendle mellom Fjærland og Eitorn og andre krinsar som låg lengre ute i fjorden.

Vanskeleg skuleveg kring fjorden

I 1901 vart det bygt skulehus i Jordal for dei veglause gardane kring Fjærlandsfjorden. Dette vart kalla Ytre Fjærland krins. Frå dei øvste gardane i Lidal på den andre sida av fjorden kunne skulevegen vinterstid vere hard. Borna måtte bakse seg i tung snø ned til fjorden, der dei vart rodde over til skulen på vestsida. Så var det same vegen tilbake om ettermiddagen.

Ungane på hybel

Også frå Romøyri og Teigen lengre ute i fjorden vart ungane skyssa med robåt. I 1916 fekk folket på Romøyri lov til å halde skule heime vinterstid fordi det var for farefullt å sende ungane til skulen i Jordal. Men dette meinte skuledirektøren var ulovleg, og trumfa bygdefolket til å huse inn ungane på hybel. For å spare på bortebuarutgiftene, tok Romøryi-ungane med seg niste heimanfrå.

Elevar og lærarar i Fjærland. Årstalet er ukjent, det same er fotografen. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar og lærarar i Fjærland. Årstalet er ukjent, det same er fotografen. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Flytta til Mundal

Skulen i Jordal vart lagt ned i 1957 og borna flytta over til skulen i Mundal, der det vart bygt nytt skulehus på Pålsneset i 1950. Her vart det samla skule for heile Fjærland.

I 1971 gjorde langvarig meinis i fjorden at ungane frå strendene vart innkvarterte i «flatbygda» ei tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011