Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Sogndal

Dei reiste på skuletur på 1920-talet og! Dette er tredje klasse ved Trudvang skule på tur til Hafslo i 1929. Framme frå venstre: Brita Larsen Skarsbø, Maria Aaberge Torstad, Ragna Kvåle, Kari Jensen, Brita Andersen, Agnes Hillestad, Gudrun Skarsbø, Dordi Navarsete og Svanhild Foss. Bak frå venstre: Nils Aarvoll, Lars Ølnes, Johannes Barsnes, Tomas Henjesand, Sverre Gjørven, Kåre Aaberge og Ingar Ness. Ukjend fotograf. Eigar: Kåre Aaberge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal - skulebygda i Sogn og Fjordane

Sogndal har sidan 1960-talet vore det viktigaste senteret for høgskuleutdanning i Sogn og Fjordane. I 1963 kom lærarskulen, og frå 1975 distriktshøgkulen. Begge er frå 1994 ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Men Sogndal har også ein tradisjon med privatskular som går heilt tilbake til 1820-talet. I Sogndal vart det på 1800-talet drive både «skole for bedrestilte», «pigeskole», jordbruksskular og folkehøgskule.

3000 studentar set sitt preg på ei bygd som Sogndal. Dette biletet er frå opninga av studieåret 2011/12. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

3000 studentar set sitt preg på ei bygd som Sogndal. Dette biletet er frå opninga av studieåret 2011/12. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Den første skuleordninga i Sogndal

Ei lov om konfirmasjon i 1736 sette fart i arbeidet med å lære ålmenta i Noreg å lese og skrive.

Dei første skulehusa i Sogndal

Det første faste skulehuset som er nemnt, finn vi i ein branntakst frå Kaupanger i 1835.

Guridskulen

Under garden Foss budde ei fattig kone som heitte Gurid Nilsdotter, fødd kring 1830. Ho budde i ei lita stove i Guridalen, og livnærte seg m.a. med arbeid for fyrstikkfabrikken på Foss. Den svakhelsa kvinna var glad i å lese. Etter kvart tok folket på gardane rundt til å sende seksåringane sine til Gurid, som dermed kom til å drive ein slags ”førskule” i lesing for desse ungane. I grenda vart det rekna som god oppseding å ha gått på Guridskulen.

Skulane ved Fjærlandsfjorden

Fjærland høyrde fram til 2000 til Balestrand kommune.

Leseselskap kan ha vore folkehøgskule

I boka «Die vier Norweger» i 1828 skildrar diktaren og naturfilosofen Henrik Steffens ein slags «folkehøgskule» som då var i drift i Sogndal.

Uthuset på Vestreim, der det var jordbruksskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Uthuset på Vestreim, der det var jordbruksskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jordbruksskulen på Vestreim

Jordbruksskulen på garden Vestreim på Kaupangerskogen var den første i Sogn og Fjordane då den starta i 1846.

Husflidsskule for fattige

Ein «husflidsskule» for kvinner vart starta i Sogndal kring 1860.

Storms private jordbruksskule i Sogndal

Prestesonen Marthin Luther Storm reiste til Sogndal og starta ein privat landbruksskule for bondeungdom der i 1870.

Sogndal folkehøgskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal folkehøgskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal folkehøgskule

vart skipa 9. januar 1871 og vart ein av dei første folkehøgskulane i Noreg.

Private mellomskular

Før den offentlege realskulen kom i gang, var det fleire velståande i Sogndal som heldt seg med eigen huslærar som førte borna fram til mellomskuleeksamen. Elevane fekk gjerne litt «påbygg» på den lokale undervisninga med skulegang i by'n. I 1907 starta den unge offiseren Jan Tylden mellomskule i bygda, men la ned skulen då han fekk arbeid som offiser ein annan stad i landet.

Sogndal gymnas og realskule

I 1926 kom ei nemnd med tilråding om å starte realskule, men kommunestyret valde å la vere. Ti år seinare starta Olav Leirvåg realskule i ungdomshuset. Seinare kom gymnaset.

Olav Holes Handelsskule

Olav Hole starta privat handelsskule i Sogndal i 1940.

Sogndal fylkesyrkesskule

Like etter 2. verdskrig vart det satsa på å byggje fleire yrkesskular i Sogn og Fjordane. Ein av desse var yrkeskulen i Sogndal. Men yrkesskulen som seinare vart lagd til bygda, starta ein heilt annan stad.

Sogndal Handelsskule

Sogndal Handelsskule vart starta som kommunal skule i 1971 i den såkalla «Hole-brakka» ved Trudvang.

Lærarskule i Sogndal frå 1963

På same vis som gymnaset vart ei utviding av realskuletilbodet i bygda i 1944, vart det i 1963 starta lærarskule i Sogndal i samarbeid med gymnaset.

Sogndal ungdomsskule på Kvåle. Skulen har seinare endra namn til Kvåle skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal ungdomsskule på Kvåle. Skulen har seinare endra namn til Kvåle skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomsskule

Realskulen i Sogndal vart avvikla då den vart avløyst av den niårige skulen i 1970. Skuleborna i Fjærland fekk niårig ungdomsskule i 1972. Fjærland fekk eigen ungdomsskule i 1978 i det nye skulebygget som stod ferdig i 1975 og som også hadde symjebasseng.

Fjærland hadde ungdomsskule fram til 2006. Då avgjorde Sogndal kommunestyre at elevane frå Fjærland må gå på ungdomsskule i  Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland hadde ungdomsskule fram til 2006. Då avgjorde Sogndal kommunestyre at elevane frå Fjærland må gå på ungdomsskule i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

vart skipa i 1994 ved at ein slo saman Sogn og Fjordane Distriktshøgskule, Sogndal Lærarskule, Sjukepleiarhøgskulen og Ingeniørhøgskulen i Førde og Studiesenteret på Sandane. Høgskulen har i 2003 om lag 2700 studentar og kring 250 tilsette.

Høgskulebygningen på Foss er ein ombygd saftfabrikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulebygningen på Foss er ein ombygd saftfabrikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunale skular i Sogndal i 2003:

  • Kaupanger skule (1.-10. klasse) 234 elevar
  • Norane skule (1.-7. klasse) 47 elevar
  • Fjærland skule (1.-10. klasse) 38 elevar
  • Trudvang (Sogndal) (1.-7. klasse) 457 elevar
  • Sogndal ungdomsskule (8.-10. klasse) 176 elevar
  • Den nyaste delen av Trudvang skule i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Den nyaste delen av Trudvang skule i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Norane skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Norane skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 13.09.2012