Hopp til innhold
X
Innhald

Slagbjørn i Fjærland i 2006

Sommaren 2006 vart fleire sauer rivne i hel i utmarka i Mundal i Fjærland.
Like ved vart det funne tydelege bjørnespor. Nokre dagar seinare vart det funne bjørnespor oppe på Jostedalsbreen, og like etter vart det meldt om bjørneobservasjonar ved Stakaldefossen og på garden Solheim, begge stader like ved Moskog i Førde kommune.

To bjørnar over breen

Det vart samstundes rapportert om spor etter to bjørnar som hadde gått saman over Jostedalsbreen.

Kalv teken av rovdyr

Like før den sikre bjørneobservasjonen i Mundal, vart ein kalv riven i filler av eit stort rovdyr i Gaular kommune, truleg av ein bjørn. Ekspertar såg samanheng mellom desse observasjonane, og at eitt eller to streifdyr hadde tilhald i fylket og vandra mellom bygdene på aust- og vestsida av Jostedalsbreen på jakt etter mat.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018