Hopp til innhold
X
Innhald

Slaget ved Fimreite

Kong Sverre talar til mennene sine før slaget ved Fimreite. Teikning frå noregssoge frå 1926. Teiknaren har plassert kongshæren på Nornes-sida. Eigar:  Fylkesarkivet i  Sogn og Fjordane.

Kong Sverre talar til mennene sine før slaget ved Fimreite. Teikning frå noregssoge frå 1926. Teiknaren har plassert kongshæren på Nornes-sida. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eitt av dei blodigaste slaga i norsk historie stod i ei bukt ved Fimreite i 1184 då to menn som kjempa om kongemakta i Noreg, møttest med hærar som talde fleire tusen mann. Kong Magnus den 5. fall i slaget.

På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184. Men frå andre halvdel av 1300-talet kjenner ein til at omlag halve Fimreite var eigd av adelsmenn, medan resten var kyrkjegods.

På Fimreite sto det på denne tida også ei kyrkje, truleg ei privatkyrkje for storfolket på garden.

Nedanfor Fimreite-gardane ligg ei grunn bukt der det kjende slaget mellom kong Magnus V Erlingsson og Sverre Sigurdsson stod i 1184. Begge gjorde krav på å verte konge i Noreg, og begge hevda å vere av kongsætt. Magnus vart kruna som konge berre fem år gamal i 1161. Sverre vart av opprørsflokken Birkebeinarane hylla som konge over Noreg i 1177. På Magnus si side stod både kyrkja og nesten alle lendmennene.

Fimreite. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fimreite. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mykje strid før Fimreite-slaget

Dei to møttest i to store slag på Kalvskinnet i 1179 og Ilevollen 1180 - begge ved Trondheim - utan at det kom til endeleg siger. Det neste, store oppgjeret mellom dei to kom ved Fimreite i 1184.

Før han segla til Fimreite, samla kong Magnus skipa sine ved Kvamsøy vest for Balestrand. Magnus sin hær nytta seg m.a. av kastesteinar som våpen. Dette var brynesteinar som dei hadde kapra frå ei skute som låg i Bergen før dei drog nordover. Mange av desse brynesteinane er seinare fiska opp frå sandgrunnen under slagstaden, og finst m.a. på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Kong Magnus fall

Både kong Magnus, hæren hans på 2000 menn og dei fleste lendmennene som var med, fall i slaget. Ein av Magnus-tilhengjarane som fall i slaget, var storbonden Ivar Elda frå Leikanger.

Kong Olav avdukar minnesteinen på Nornes 16. juni 1984. Foto: Helga Moe. © Fylkesarkivet.

Kong Olav avdukar minnesteinen på Nornes 16. juni 1984. Foto: Helga Moe. © Fylkesarkivet.

Minnesteinen på Nornes. Foto: Hermund Kleppa. © Fylkesarkivet.

Minnesteinen på Nornes. Foto: Hermund Kleppa. © Fylkesarkivet.

Fimreite-slaget avgjorde ikkje maktkampen

Men slaget ved Fimreite vart ikkje avgjerande i maktstriden i Noreg: Seinare kom kong Sverre og birkebeinarane i strid med baglarane. Nikolas Arnesson organiserte og leia baglarane. Sverre utfordra med måten han styrte på det gamle maktapparatet til kyrkja, og vart også lyst i bann av Paven i 1198.

Kong Sverre fekk ikkje løyst striden med Baglarane og kyrkja før han døydde i 1202.

Jubiléet og Fimreitespelet

I 1984 vart ein minnestein avduka på Norane av kong Olav V til minne om slaget ved Fimreite. I samband med 800-årsjubileet vart også historiespelet «Slaget ved Fimreite» framført.

Eventyraren Ragnar Thorseth frå Sunnmøre starta også på jordomsegling med knarr-kopien «Saga Siglar», og komponisten Arne Norheim komponerte det spesielle verket «Klokkesong» basert på neumene i Kaupanger stavkyrkje.

Kulturminister Lars Roar Langslet takkar for framsyninga av Fimreitespelet. Midt på biletet står Wibeke Knagenhjelm som skreiv stykket, og til høgre for henne teatersjef Anne Gullestad ved Sogn og Fjordane Teater. © Fylkesarkivet.

Kulturminister Lars Roar Langslet takkar for framsyninga av Fimreitespelet. Midt på biletet står Wibeke Knagenhjelm som skreiv stykket, og til høgre for henne teatersjef Anne Gullestad ved Sogn og Fjordane Teater. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011