Hopp til innhold
X
Innhald

Slinde-godset

På dette flyfotoet frå 1950-talet ser vi Slinde lengst ute, i framgrunnen Nornes. Foto: Telemark Flyselskap. Frå Johan Ottesens arkiv.

På dette flyfotoet frå 1950-talet ser vi Slinde lengst ute, i framgrunnen Nornes. Foto: Telemark Flyselskap. Frå Johan Ottesens arkiv.

Slinde-godset var i mellomalderen eit av dei store jordegodsa i indre Sogn. Kring 1300 var det Audun Slinda I som rådde over godset. Han var truleg adelsmann, for han hadde tilnamet «herre» og vert også nemnt som «riddar Audun». Historikaren P. A. Munch meiner at han var syslemann i Sogn.

Kring 1320 gifta den mektige Filippus Erlendsson til Odensland seg med dottera til sonen til Audun Slinda. Sonen deira heitte også Audun, her kalla Audun Slinda II. Filippus budde på Kyrkjebø, og vert rekna som ættefar til den steinrike og mektige Losna-ætta, som hadde stamsetet sitt på øya Losna i Solund.

Då Audun Slinda II døydde litt etter 1330, arva Filippus Erlendsson gjennom kona si frå Slinde også Slinde-godset.

Flytta til Sunnmøre

Ei av døtrene arva sidan Slinde-godset etter foreldra og flytta til Slinde. Ho gifta seg i 1338 med Håkon Sigurdssson frå den rike Giske-ætta frå Sunnmøre. Han overtok i 1391 godset på Sunnmøre, og ekteparet flytta dit. Dei eigde framleis store eigedomar i Sogn - men truleg har Slinde-godset med åra vorte delt opp.

Eigar og brukar frå Oxefot

På 1500-talet finn vi at Oluf Gundersson frå den kjende adelsslekta Oxefot er eigar og brukar på Ytre Slinde, men desse gardane vart løyste inn av bøndene på 1500-talet.

Bøndende overtok

Giske-godset femnde likevel om 192 gardar heilt fram til 1605, då det vart gjeve til kongen. Etter ei tid vart også Giske-godset delt og selt i småpartar: Eigedomane på Slinde var i 1647 eigd av Anna Jensdotter i Bergen og bøndene Torbjørn Fardal og Botolv Nornes. Etter kvart vart gardane løyste inn av bøndene som brukte dei.

Slindebjørka

Noregs mest kjende tre må vere Slindebjørka som stod på toppen av ein gamal gravhaug, Hydneshaugen, på Slinde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.08.2011