Hopp til innhold
X
Innhald

Slinde Transport AS

Slindesenteret. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slindesenteret. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1943 starta Arne Slinde som lastebilsjåfør. Han hadde ein Dodge lastebil som han nytta til transport av frukt og grønt. Han bygde saman med svigersonen Magne Ahlin med tida verksemda ut til eitt av dei største transportselskapa i Sogn; Slinde Transport AS.

Slindesenteret

Han bygde daglegvarebutikk med bensinstasjon på Slinde i 1953. I 1983 vart anlegget modernisert og bygt ut til «Slindesenteret». Svigersonen Magne Ahlin overtok som dagleg leiar i 1987. I 2003 hadde Slinde Transport 20 vogntog, 25 tilsette og ei omsetning på 27 millionar kroner.

Terminalen til Tollpost Globe AS på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Terminalen til Tollpost Globe AS på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Køyrer for Tollpost Globe AS

Slinde Transport AS har og etablert seg på Kaupangerskogen i Slindebygget. Frå 1983 har Slinde Transport vore underleverandør for Tollpost Globe AS, som har terminal på Kaupangerskogen. Denne terminalen blir lagd ned mot slutten av 2013. Tollpost Globe byggjer ny terminal på Skei i Jølster for heile Sogn og Fjordane.

Satsing i Lærdal

Eigarselskapet Slinde Eigedom AS valde i 2012 å satse på Håbakken i Lærdal, der det vart reist eit servicebygg for tungtransport. Aktiviteten på Kaupangerskogen vart flytta dit. I tillegg flytta transportverksemda Schenker inn i bygget med all si verksemd i Sogn.

Terminalen til Slinde Transport og Schenker på Håbakken i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Terminalen til Slinde Transport og Schenker på Håbakken i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015