Hopp til innhold
X
Innhald

Slindebjørka

Thomas Fearnley: Slindebirken. © Blomqvist Kunsthandel.

Thomas Fearnley: Slindebirken. © Blomqvist Kunsthandel.

Noregs mest kjende tre må vere Slindebjørka som stod på toppen av ein gamal gravhaug, Hydneshaugen, på Slinde. Denne låg litt sør for der Slindesenteret med bensinstasjon og handel ligg i dag.

Kjempetreet var rekna som heilagt, og vart heilt fram på 1800-talet ofra til av bøndene ikring (sjå også Fimreite-ospa under Fimreite-gardane). Slindebjørka vart velta over ende av ein storm i 1874.

Populært motiv

Segnene om treet og plasseringa på den gamle gravhaugen i mektig Sogne-natur vart eit ynda motiv for norske nasjonalromantiske målarar. Frå Johannes Flintoe måla det første biletet av bjørka kring 1820, har både professor I. C. Dahl, Thomas Fearnley (1802-1842), Hans Leganger Reusch (sjå: Futegardstida på Flesje) - og Franz Wilhelm Schiertz måla Slinde-bjørka. Det mest kjende biletet er nok Fearnleys bilete frå 1839 som heng i Nasjonalgalleriet. Fearnleys «Slindebirken» vart elles brukt som frimerkebilete av Posten i 1972.

Det fredede træ

Diktaren Johan Sebastian Welhaven skreiv diktet «Det fredede træ» om Slindebjørka:

:Ved Sognefjorden på Gaarden Slinde :der er den stolteste Birk at finde; :på Hydneshoug over Kiempens Ben :strækker den vidt sin kraftige Gren :og holdes i Ære :og kan sin alder mot Skyen bære.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.08.2011