Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Auto A/S

Sogndal Bil og Fritid AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Bil og Fritid AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Auto A/S vart starta i 1944 med Lars Ølnes som disponent. Firmaet bygde eigen verkstad og smørjehall like ved det tidlegare ferjeleiet ved Loftesnessundet og selde bilar og bensin, og hadde utkøyring av bensin og olje.

I 1975 vart anlegget overteke av Måløy-firmaet Barmen og Lund - seinare Lund Auto AS - som dreiv bilforretning og verkstad.

Etter konkurs og eit par eigarskifte er det no Sogndal Bil og Fritid AS som driv bensinstasjon og bilsal på eigedomen. Dette firmaet vart skipa i 2003 av Robert Mansverk Brenden m.fl.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.02.2010