Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Billag L/L

Den første rutebilstasjonen til Sogn Billag låg på Grøt, ikkje langt frå Solhov. Dette biletet er frå rundt 1940. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn Billag.

Den første rutebilstasjonen til Sogn Billag låg på Grøt, ikkje langt frå Solhov. Dette biletet er frå rundt 1940. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn Billag.

På slutten av 1930 tok nye og utvida vegsystem form: Vegen frå Sogndal til Leikanger opna i 1937, og rett etter kom vegen over Sognefjellet.

Alt i 1935 vart det lagt fram ei tilråding for fylkestinget om at det fylkeseigde ruteselskapet Fylkesbaatane burde overta bilrutebildrifta i indre Sogn. Ei pådrivar for denne utviklinga var fabrikkeigar Halvard Drægni som då sat i styret for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

På 1950-talet flytta billaget til området der rutebilstasjonen ligg i dag. Dette biletet er teke på 1960-talet og viser ein ny turistbuss som vart sett inn i køyring mellom Bergen og Oslo. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn Billag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogn Billag L/L vart skipa 12. februar 1936 med Fylkesbaatane som største aksjonær med 348 aksjar av i alt 350. Dei to siste aksjane var plasserte hos andre for formelt å stette krava til aksjelova som den gongen kravde fleire eigarar. Sogn Billag tok over alle aktiva i Indre Sogns Automobillag - m.a. åtte personvogner og to lastebilar. Billaget har sidan skipinga hatt hovudkontor og serviceanlegg i Sogndal.

Rutebilstasjonen slik han såg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rutebilstasjonen slik han såg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samanslåingar og inn i Fjord1

Samanslåingar og inn i Fjord1

Sidan skipinga har ei mengd lokale billag og rutebileigarar i kommunane frå Leikanger og Vik i vest og innover i Sogn gått inn i Sogn Billag. Frå 2002 vart Sogn Billag saman med morselskapet Fylkesbaatane ein del av Fjord1 og fekk namnet Fjord1 Sogn Billag.

Sal til Nettbuss

I 2011 seldt Fjord1 51% av bussverksemda si til Nettbuss, som er det største busselskapet i Noreg.

Ein del av bussane til Fjord1 Sogn Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein del av bussane til Fjord1 Sogn Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 26.09.2011