Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sogn Fjordmuseum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger vart opna av kronprins Harald i 1990.

Museet er ein del av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og inneheld samlingar av m.a. av eldre båtar og sjøbruksutstyr frå Sogn. Denne samlinga stod tidlegare i ein stor båthall på Øvre Amla.

Sogn Fjordmuseum held til i ein bygning som tidlegare høyrde til Kaupanger Sagbruk og Høvleri. Då dette etter økonomiske vanskar vart lagt ned i 1985, kjøpte fylkeskommunen ein del av anlegget og bygde det om for museet.

Storebåten på Sogn Fjordmuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storebåten på Sogn Fjordmuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Glaværstova frå Gulen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Glaværstova frå Gulen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om Amla-gardane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011