Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Politikammer

Sogn Politikammer vart skipa i 1898 ved at August O. Aaseth vart utnemnt til første politimeister, med bustad i Leikanger.

Sogn Politikammer vart skipa i 1898 ved at August O. Aaseth vart utnemnt til første politimeister, med bustad i Leikanger.

Frå 1919 og fram til 1935 hadde politimeisteren kontor og bustad i Vik. Då Finn Dahlin vart tilsett i 1935, flytta kontoret til Leikanger. Første åra heldt politikammeret til i det gamle hotellet (sjå Leikvang Hotell) på Hermansverk, men flytta i 1939 inn i det nybygde Tinghus I på Systrond. Dei siste åra i Leikanger hadde politikammeret tilhald i eit privat kontorbygg på Hermansverk.

I 2000 vart Sogn Politikammer flytta frå Leikanger til Sogndal, der det heldt til fram til det vart nedlagt og samordna under det nye Sogn og Fjordane politidistrikt frå årsskiftet 2001/2002.

Sogndal Politistasjon

Sogndal Politistasjon

- etter omorganiseringa til Sogn og Fjordane politidistrikt i 2002, er Sogndal Politistasjon tildelt viktige ansvarsfelt som etterretning, kriminalteknikk, beredskap og trafikk.

Politimeistrar i Sogn har vore:

:1898-1911 August O. Aaset :1911-1919 Ingebrikt O. Asheim :1919-1935 Harald Johan Risnes :1935-1946 Finn Dahlin :1946-1963 Odd Solberg :1963-1970 Erling Amundsrud :1970-1982 Anders Hove :1982-1987 Oluf Chr. Sundt :1987-1996 Bjørn Valvik :1996-2001 Kjell Ese

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.11.2008