Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Renseri

Nor Tekstil avd. Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nor Tekstil avd. Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Renseri vart starta i gamlemeieriet i Sogndalsfjøra i 1958 av Olga og Ludvig Nondal. I 1962 bygde dei nytt anlegg i Trolladalen. Sønene Harald og Kjell Nondal tok over i 1978. Sogn Renseri hadde ein stor del av institusjonane og hotella i indre Sogn som kundar og hadde opp til 30 tilsette. Verksemda vart seld til reinse- og vaskerikjeda Nor Tekstil i 2001.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.02.2010