Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Slakteri

Sogn Slakteri på 1960-talet.

Sogn Slakteri på 1960-talet.

Sogn Slakteri i Sogndal vart bygt i 1956 av Vestlandske Salslag (VS) som det første store regionslakteriet i Sogn og Fjordane. Seinare kom Nordfjord Slakteri på Nordfjordeid i 1963, og Sunnfjord Slakteri i Førde i 1964.

Dei store regionslakteria avløyste fleire mindre og lokale slakteri som Vestlandske Salslag hadde bygt. Sogn Slakteri vart utvida i 1961 og i 1970, og nytt fryseri kom til i 1979. Slakteriet spesialiserte seg etter kvart på produksjon av spekemat, og bygde eigne klimarom for modning av produkta.

Sogn Slakteri det året slakteriet vart teke i bruk, i 1956.

Sogn Slakteri det året slakteriet vart teke i bruk, i 1956.

I 1986 hadde slakteriet 120 tilsette. I 1989 vart spekematanlegget selt til Gilde Norge ANS, og vart heitande Gilde Norge ANS Sogndal. I salet fylgde ei sentral tomt på 19 dekar med.

Ei tid var det planar om å byggje eit spektakulært hotell på slakteritomta, men førebels er det forfall som er det mest iaugefallande. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Produksjonsanlegget fekk ISO-godkjenning i 1993, og i 1995 vart anlegget godkjent for å drive eksport av spekematprodukt. Same året vart eit nybygg teke i bruk, men sjølve slakteriet vart lagt ned.

Seinare vart namnet på Gilde-anlegget i Sogndal endra til Terina Sogndal AS.

Bakteriesmitta spekemat

I 2006 vart det oppdaga fleire tilfelle der folk hadde vorte smitta av den farlege e-colibakterien. Etter ei landsomfatande gransking viste det seg at smitten kom frå ein spesiell sort spekemat frå Terina-anlegget i Sogndal; Sognemorr. E-colismitten førde til at eitt barn døydde og 13 vart innlagde på sjukehus.

Husvære på slakteritomta

Etter at planane om å byggje hotell på slakteritomta stranda vart det i staden bygt eit bustadkompleks der. I alt 35 husvære står klare til innflytting i 2013.

Sjå også Vestlandske Salslag i Førde.

Terina i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Terina i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.03.2012