Hopp til innhold
X
Innhald

Sognafuten budde i Sogndal

Stedje var i periodar bustad for futen i indre Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje var i periodar bustad for futen i indre Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1530 var det den dansk-norske kongen sine futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme. Då budde futen på gardar i Sogndal: Dei første futane, Sven Bagge og Truls Jyde, budde på Stedje.

I 1560 finn vi futen Christoffer Andersen busett i Kaupanger. Også Fardal (futen Jens Pedersøn Holst), Foss og Kvåle/Rutlin var i tur og orden gardar eigd av futar. I 1630 vart futedømet delt i to - eitt for indre og eitt for ytre Sogn. Grensa mellom futedøma gjekk mellom Hermansverk og Slinde på nordsida av fjorden og mellom Aurland og Lærdal på sørsida.

Fleire futar samstundes

Futen for indre Sogn vart seinare buande mykje i Sogndal. Vi høyrer også om futar som har budd m.a. på Hafslo og på Flahamar i Luster. Men tel vi saman talet på Sogne-futar og ser på funksjonstida til nokre av dei, så vert det både eit visst «overskot og overlapping i funksjonstid.

Forklaringa på dette var at det truleg var fleire som bar futetitlar i indre Sogn samstundes, og at nokre futar som var knytte til Kaupanger-godset har futetittelen meir som ein »honorær" tittel utan særleg vidt mynde.

Då futedømet Sogn vart delt i 1630, busette futen i ytre Sogn seg først på Målsnes i Balestrand, deretter på garden Flesje og seinare på Askelund i same kommune. I periodar budde også futen i ytre Sogn i Bjordal og i Alværa i Høyanger kommune.

Futane var forhatte skatteflåarar

Fleire Sogne-futar var illgjetne skatteflåarar og svindlarar. Men sogningane tok att: Fleire gonger klaga dei til kongen og vann fram.

Futespranget i Helvetesfossen

Etter segna skulle Sogne-futen ein gong i tida vere busett Hafslo - det som tidlegare vart kalla Fylkesbygda. Det er frå denne tida at namnet Futespranget i Helvetesfossen i Årøyelva stammar. Men Futespranget har også eit mindre kjent namn: Hallaupspranget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011