Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Bensin & Service AS

Sogndal Bensin & Service AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Bensin & Service AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Arne Henden som dreiv Hendens Bilforretning på Sandane og var Volvo-forhandlar i Sogn og Fjordane, bygde i 1964 eit forretningsbygg og bensinstasjon på Stedje i Sogndal saman med Christen F. Knagenhjelm.

Etter nokre år overtok Arne Henden åleine og fekk også Statens Bilsakkyndige – seinare Biltilsynet – som leigetakar i forretningsbygget sitt på Stedje.

Som Volvo-forhandlar overtok Henden eit verkstadanlegg på Kaupangerskogen etter Arvid Fredheim og dreiv bilreparasjon med fem-seks tilsette der ei tid.

Drifta av bensinstasjonen på Stedje har vore på fleire hender fram gjennom åra. Bensinstasjonen har sidan 1992 vore driven under firmanamnet Sogndal Bensin & Service AS og er i dag eigd av førdemannen Roy Solbakken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.02.2010