Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Cementindustri L/L

Sogndal Cementindustri L/L var ein sementvarefabrikk som vart bygt på Ulvahaugen ved Dalavegen i Sogndal kring 1917.

Fabrikken var eigd av hotelleigar Peder J. NæssHofslund Hotell, advokat Darre Jenssen og bonde Eirik Foss. Fabrikken heldt til i ein etter måten stor mursteinsbygning, og fekk sanden frå eit sandtak like ved som dei leigde frå Botolf Steine. Fabrikken produserte takstein, røyr og andre sementvarer, og varene vart skipa ut på kaia ved Hofslund Hotell.

På 1930-talet dreiv ein østfolding som heitte Arve Andresen i nokre år eit veveri for møbelstoff i bygget. Bygget vart også brukt til reveutstillingar før 2. verdskrig.

I 1939 kjøpte snikkar Per Navarsete og entreprenør Gustav Hovland Sogndal Cementindustri. Dei dreiv fabrikken til slutten av 1950-talet, men nytta sandtaket endå i nokre år. Den gamle fabrikkbygningen står framleis i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.07.2008