Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Fotball

Eirik Bakke, Even Hovland og Espen Olsen i kamp for Sogndal i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.

Eirik Bakke, Even Hovland og Espen Olsen i kamp for Sogndal i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.

Den omfattande fotballaktiviteten i idrettslaget i Sogndal gjorde at Sogndal Fotball vart skipa som ei eiga juridisk eining. Dette allianseidrettslaget har ansvaret for all fotballaktivitet i Sogndal.

Yngve Hallén vart dagleg leiar, og Svein Bakke sportsdirektør. Trond Fylling fekk ansvaret som sportsleg leiar, m.a. for Sogndal tekniske Fotballskule. Anleggsansvarleg vart Knut Christiansen.

Fleire fotballbaner

Hovudarenaen for elitelaget har vore Fosshaugane, som er eigd av fotballselskapet sjølv. Anlegget har plass til kring 5.000 tilskodarar, men greidde å presse inn over 7.000 skodelystne under kvartfinalekampen mot Start i 1976.

Sogndal Stadion på Kvåle er eit sameige mellom kommunen og Sogndal IL Fotball. På Hafslo har klubben bygt opp eit stort trengingsfelt med fleire fotballbaner.

Spelarinntekter

Sogndal Fotball har hatt store inntekter på sal av spelarar til utlandet. Den hittil største summen vart betalt då Eirik Bakke gjekk til den engelske klubben Leeds United i 1999 for 40 millionar kroner.

Saftkokaradn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Saftkokaradn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Saftkokaradn

Fotballaget Sogndal har også eigen supportarklubb som kallar seg «Saftkokaradn».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2015