Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal fylkesyrkesskule

Yrkesskulen på Fosshaugane vart bygd i 1966. Frå 1992 vart den ein del av Sogndal vidaregåande skule. Desse bygningane vart rivne i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Yrkesskulen på Fosshaugane vart bygd i 1966. Frå 1992 vart den ein del av Sogndal vidaregåande skule. Desse bygningane vart rivne i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Like etter 2. verdskrig vart det satsa på å byggje fleire yrkesskular i Sogn og Fjordane. Ein av desse var yrkeskulen i Sogndal. Men yrkesskulen som seinare vart lagt til bygda, starta ikkje der:

I den vesle bygda Kinsedal på austsida av Lustrafjorden hadde tyskarane under krigen bygd opp ein heil brakkeby for folk som skulle arbeide i eit steinbrot. Steinen skulle vere råstoff for bauxitt som kunne brukast til å framstille aluminum i nazistane sitt planlagde gigantverk i Årdal. Etter krigen stod brakkene Kinsedal tome, og den nyskipa yrkesskulen flytta inn i ei av desse i februar 1947.

Hausten 1952 flytta skulen til Sogndal i lokale som kommunen hadde leigd. Her vart det undervist i elektrofag og jern- og metallfag. Frå 1963 fekk skulen bilmekanikarline då denne vart flytta over frå Vik der den starta året før. Hausten 1966 fekk fylkesyrkesskulen nye lokale.

Den vart innlemma i den vidaregåande skulen saman med gymnaset då Sogndal vidaregåande skule vart skipa i 1992.

På Kaupangerskogen har avdelinga for bilfag halde til i denne bygningen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Kaupangerskogen har avdelinga for bilfag halde til i denne bygningen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011