Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Hotell

Quality Sogndal Hotel i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Quality Sogndal Hotel i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Hotell er i 2003 det største hotellet i indre Sogn, og vart bygt i 1962 på Bahus. Hotellet fekk i første byggjesteget 92 senger. Arne Wathne vart direktør for hotellet frå starten og fram til 1986.

Lindstrøm overtek

Bak hotellet stod A/S Sogndal Hotell, eit aksjelag der m.a. Fylkesbaatane og Sogn Billag var eigarar, men dei fleste andre investorar budde utanfor Sogndal.

Lindstrøm overtek

I 1999 overtok hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm som eigar av hotellet.

Hotellet heiter Quality Hotel Sogndal, og har ved fleire utvidingar kome opp i til saman 200 senger fordelt på 108 rom i 2003. I tillegg har hotellet m.a. tre restaurantar, dansesal og diskotek.

Verksemda sysselset i 2003 kring 50 årsverk, og hadde i 2002 ei samla omsetning på 35 millionar kroner. Quality Hotel Sogndal har i tillegg til eiga drift også driftsansvaret for Quality Hotel Florø (sjå nedst på: Industri og næring i Flora).

Quality Sogndal Hotell i 2008. Etter at biletet vart teke er fasaden endra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Quality Sogndal Hotell i 2008. Etter at biletet vart teke er fasaden endra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.09.2011