Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Lufthamn

Sogndal Lufthamn. Foto: Avinor.

Sogndal Lufthamn. Foto: Avinor.

Nils J. Knagenhjelm.

Nils J. Knagenhjelm.

Sogndal Lufthamn på Haukåsen vart opna i 1971, samstundes med småflyplassen i Florø og småflyplassen på Øyrane i Førde. Dåverande ordførar i Sogndal og eigar av Kaupanger Hovedgård, Nils J. Knagenhjelm, gav gratis grunn til flyplassen på Haukåsen.

Vegane opp til Haukåsen var bygde på 1960-talet av Knagenhjelm, og i samband med flyplassopninga overtekne av Sogndal kommune.

Alternativ i Høyanger

I samband med lokalisering av småflyplassen i Sogn vart det m.a. gjort prøveflygingar i Høyanger kommune, men valet fall på Haukåsen. Tidleg på 1970-talet gjekk Akergruppen med planar om å byggje oljeplattformer i Gaupne i Luster kommune (sjå Store industriplanar i Gaupne. I samband med ei planlagd industriutbygging vart det stukke ut ei flystripe langs elva på Grandane i Gaupne, men flyplassen kom berre til teiknebrettet fordi Akergruppen la bort industriplanen.

Foto: NRK.

Foto: NRK.

Sandane Lufthamn på Anda vart opna i 1975. Flyplassane på Haukåsen, Anda og i Florø vart bygde med statsløyvingar, medan småflyplassen på Øyrane i Førde var bygd med kommunale midlar.

Les også om Widerøes Flyveselskap ASA.

Terminalbygningen på Sogndal Lufthamn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Terminalbygningen på Sogndal Lufthamn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011