Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Maskin og Delindustri AS

Sogndal Maskin og Delindustri AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Maskin og Delindustri AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Maskin og Delindustri AS - mekanisk verkstad - vart starta av Oskar Kristoffersen i 1978. Firmaet bygde same året eige industribygg på Kaupangerskogen. Bygget vart utvida i 1983. Sonen Gunnar Kristoffersen har vore dagleg leiar sidan 1990, og firmaet vart omgjort til aksjeselskap i 1998. Verksemda driv m.a. med overflatebehandling av metall.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2011