Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Meieri

Sogndal Meieri vart skipa som eit lutlag av 72 bønder i 1913, og dei bygde det til då største meieriet i fylket i Sogndalsfjøra i 1914.

Det store, tre-etasjers murhuset med den høge fabrikkpipa merkte seg mykje ut mellom den låge busetnaden elles i Fjøra. Fram til 1920 vart meieriet leigt bort til meierist Stuve, og deretter til Bergens-firmaet Kavli A/S. Også i åra 1941-1946 vart det leigt bort, til Arne Vik og Arne Flæte.

Meieriet hadde lenge ein stor produksjon av gamalost, men spesialiserte seg seinare på nøkkelost. Bygget frå 1914 var i bruk som produksjonsbygg fram til nytt meieri vart bygt i 1955.

Dette biletet er teke i 1955, då meieritet tok i bruk nybygget sitt med moderne produksjonsutstyr. Mannen på biletet er Teodor Fylling (1897-1960) © Fylkesarkivet.

Dette biletet er teke i 1955, då meieritet tok i bruk nybygget sitt med moderne produksjonsutstyr. Mannen på biletet er Teodor Fylling (1897-1960) © Fylkesarkivet.

Sogn Meieri

Sogndal Meieri vart overteke av Indre Sogn Meierilag i 1953, som hadde skipa Sogn Meieri i 1951. Bak dette stod mjølkeprodusentar i Leikanger, Sogndal, Hafslo, Luster og Jostedalen.

Sognemeieriet

I 1972 vart Sogn Meieri slege saman med Årdal Meierilag og Vik Meieri til Sognemeieriet. I 1985 gjekk Sognemeieriet in i Sogn og Fjordane Meieri. Meieriet vart lagt ned i 1996. Meieribygget vart ombygt til m.a. studentheim, festsal og studentkro.

Les meir om: Meierihistoria i Sogndal.

Meieribygningen er i dag samlingsstad for studentane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Meieribygningen er i dag samlingsstad for studentane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011