Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Musikklag

Sogndal Musikklag  spelar på Fossetunet 17. mai 1952. Foto: Einar Vidvei. Eigar: Einar Vidvei/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal Musikklag spelar på Fossetunet 17. mai 1952. Foto: Einar Vidvei. Eigar: Einar Vidvei/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal Hornmusikklag vart skipa i 1928. Laget vart medlem i det nyskipa Sogn Musikklag i 1932.

I mellomkrigstida var det tradisjon at musikklaget reiste til Lyster Santorium på og heldt konsert for pasientane kvar 17. mai.

I 1947 starta musikklaget eit eige «gutelag». Desse aspirantane hadde ei tid eige korps, men gjekk seinare inn i hovudkorpset.

I 1955 var Sogndal Musikklag fødselshjelpar ved skipinga av Sogndal Skulemusikk. Sogndal Musikklag var på 1970-talet medskipar av «Sogndalsdagane», og fekk m.a. æra av å spele på Ullevaal stadion då Sogndal spela cupfinalen i 1976.

Fana til Sogndal Musikklag på Ullevaal i 1976.

Fana til Sogndal Musikklag på Ullevaal i 1976.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011