Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal politistasjon

Sogndal Politistasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Politistasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Politikammer vart skipa i 1898. Det meste av tida fram til 2000 var politikammeret og politimeisteren plassert i Leikanger.

I 2000 vart Sogn Politikammer flytta til Sogndal. Etter hard kappestrid mellom Sogndal og Florø vart leinga for eit nyskipa Sogn og Fjordane Politidistrikt plassert i Florø i 2002. Den tidlegare politimeisteren i Sogn, Kjell Ese, vart den første politimeisteren i det nye, fylkesomfemnande politidistriktet.

– Les meir om Sogn og Fjordane Politidistrikt i artikkelen Polititenesta i Sogn og Fjordane under Flora kommune og om Sogn Politikammer under Leikanger kommune.

Etter omorganiseringa er Sogndal Politistasjon tildelt viktige ansvarsfelt som etterretning, kriminalteknikk, beredskap og trafikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011