Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Tændstikfabrik

Industrianlegget på Foss kring 1880. © Fylkesarkivet.

Industrianlegget på Foss kring 1880. © Fylkesarkivet.

Sogndal Tændstikfabrik var i drift frå 1855-1884. Fabrikken vart starta av svensken August Sjøberg. Han satsa på Sogndal fordi han kunne nytte vassfalla i Sogndalselva som drivkraft, og i liene voks det osp som var det beste trevirket for fyrstikker. Dessutan fann han mange villige og billige arbeidshender mellom fattigfolket i Sogndalsfjøra. Han bygde ein etter den tid stor fabrikkbygning i to etasjar på Foss.

I 1868 selde han fabrikken til kjøpmann Henrik Krohn i Bergen og sivilingeniør M. H. Krog i Sogndal. Dei gjorde avtale om leige av vassfallet ved Foss «på livstid». Krog var styrar og dagleg leiar, og overtok etter kvart som eineeigar.

Brann ned i 1870

I 1870 vart fabrikken totalskadd av brann, men produksjonen kom i gang att i 1871.I 1872 hadde fabrikken 16 vaksne arbeidarar og 20 barn under 15 år i arbeid. I tillegg hadde 10 kvinner heimearbeid med liming av fyrstikkøskjer. Fyrstikkene vart høvla frå godt og kvistfritt trevirke med ein spesiell høvel med 16 loddrett stilte knivar og ein vassrett som skar tjukna. Stikkene vart bløytte i parafin for å brenne betre.

Helsefarleg barnearbeid

Bruk av fosfor og svovel gjorde arbeidet i fyrstikkfabrikken svært helsefarleg. I tillegg kom den ekstreme brannfaren. Hår og skjegg lyste av fosfor når arbeidarane gjekk heim i mørkninga. Hadde ein munnsår, kunne fosfor øydeleggje tannkjøt og bein. Mange fyrstikkarbeidarar måtte tole smertene når legen måtte meisle bort øydelagt kjevebein, ofte utan bedøving. I dette usunne miljøet arbeidde både born og vaksne. Men sjølv om helsefaren var stor og løna skral, så stod folk på ventelister for å få arbeid på fabrikken.

Fyrstikker til eksport

I 1875 vart Sogndal Tændstikfabrik aksjeselskap og vart mykje utvida. I 1875 hadde fabrikken 110 arbeidarar, av dette halvparten kvinner, og 20 var born under 15 år. Fyrstikkene vart for det meste eksportert til England, Holland, Portugal og Italia. I 1875 arbeidde leiinga aktivt for å gjere Kina til hovudmarknad.

I tida frå 1870 hadde norske fyrstikkfabrikkar stor eksport, men på 1880-talet møtte dei sterk konkurranse frå Japan. Medan det var 20 norske fyrstikkfabrikkar i 1870, var det berre seks att ved hundreårsskiftet. I 1881 kom fyrstikkfabrikken ved Sogndalselva i økonomiske vanskar.

Bergensarane trekte seg ut og bygdefolk freista med eit nytt aksjeselskap og drive vidare. Den 7. mai 1881 brann ein del fabrikkbygningar, og ein brann i september same året gjorde endå meir skade. Men fabrikken vart bygd opp på nytt i 32 meters lengd og med to etasjar.

Rik engelskmann tek over med veveri

Rik engelskmann tek over med veveri

Men i 1883 var det kroken opå døra for det bygdeeigde selskapet. Ein fyrstikkfabrikant i Bergen, Jens Undahl, kjøpte selskapet. I 1884 brann det for fjerde gong, og fyrstikkfabrikken ved Sogndalselva vart lagd ned.

I 1887 selde Undahl bygningane til engelskmannen Wilfred Burton Rowley Kennedy som installerte veveri med 13 vevstolar, og starta det som seinare vart Sognefjorden Ullvarefabrikk. Kennedy hadde rikmannsbakgrunn heimanfrå. Sogndølene som kjende han, meinte han var sterkt avhengig av morfin, tung på alkoholen, og truleg meir interessert i å fiske laks i Årøyelvi enn å drive ullvarefabrikk i Sogndal. Etter eit par år selde han seg ut.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011