Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Trelastlager

Møbelringen har forretning i det tidlegare trelastlageret på Nestangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Møbelringen har forretning i det tidlegare trelastlageret på Nestangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Trelastlager i Sogndal vart starta på Nestangen ved Loftesnessundet i 1936 av byggmeister Per Navarsete. Han hadde kring 10 mann i arbeid.

Sonen Ivar P. Navarsete og broren Gunnar Navarsete kom også med i drifta. Ivar starta også snikkarverkstad i bygget like etter 2. verdskrig. Ivar P. Navarsete dreiv forretninga til 1971, då anlegget brann ned.

Rieber-konsernet i Bergen tok over tomta og bygde og dreiv trelastlager og byggjevareforretning. Seinare gjekk eigedomen over til Neumann-konsernet i Bergen. I 1988 kjøpte Kjell og Norvald Kvam bygget, og har sidan drive møbelforretninga Møbelringen Sogndal A/S der. I 2012 vart møbelforretninga flytta til Sjøkanten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.11.2012