Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal vert skulestad

Songdal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Songdal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Alt tidleg på 1800-talet vart det starta «samtaleselskap» i Sogndal, men denne «skulen» var reservert ungane til den vesle «sosietéten» i bygda.

Kring 1860 fekk Sogndalsfjøra sin første «ålmenskule» utanom folkeskulen. Då starta betrestilte kvinner i bygda ein husflidsskule for fattigjenter som budde i sjølve Fjøra. Denne skulen hadde opptil 24 elevar om gongen, og vart driven til ut på 1870-talet.

Jordbruksskule

Frå 1846 dreiv fylket Jordbruksskulen på Vestreim, og Martin Luther Storm dreiv seinare sin private jordbruksskule på Loftesnes. Men begge desse jordbruksskulane var i drift berre få år og låg utanfor tettstaden.

Gjennombrot med folkehøgskulen

Gjennombrot med folkehøgskulen

Det store gjennombrotet som skulestad fekk Sogndalsfjøra først i 1871, då presten og folkeopplysningsmannen Jakob Liv Rosted Sverdrup starta Sogndal folkehøgskule. Svært mange framståande personar innan samfunns- og åndsliv i Sogn og Fjordane på slutten av 1800-talet vart prega av skuletida si ved Sogndal Folkehøgskule.

I Sogndal var Sverdrup også ordførar og direktør for sparebanken i fleire år før han i 1878 vart sokneprest i Leikanger og seinare politikar og statsråd i Oslo.

- Om nyare skular som realskule, handelsskule, yrkesskule, gymnas og høgskule - sjå: Skular i Sogndal.

Starta aviser

Sogndal styrkte også sin posisjon som kulturelt senter då det i 1892 vart starta eit blad som heitte «Bergenhus Folketidende». Jens Kvåle starta også sitt eige blad «Ungdom» i 1896. Seinare kjøpte han forlagsretten til Venstrebladet Sogns Tidend og flytta bladet frå Lærdal til Sogndal i 1904. Sjå: Aviser og media i Sogndal.

Les også artikkelen om strandsitjarstaden Sogndalsfjøra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011