Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal vidaregåande skule

I vestibylen på Sogndal vidaregåande skule i 2011. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad.

I vestibylen på Sogndal vidaregåande skule i 2011. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad.

I 1992 gjekk desse skulane saman i Sogndal vidaregåande skule: Sogndal gymnas, sjå Sogndal gymnas og realskule, Sogndal fylkesyrkesskule og Sogndal Handelsskule.

Fram til Fosshaugane Campus vart bygd ferdig i 2011 heldt skulen til i ulike bygningar på Fosshaugane. Ein del av aktiviteten kom inn på Fosshaugane Campus frå 2006. Men ved skulestart hausten 2011 var heile Sogndal vidaregåande skule med 775 elevar samla i eit praktbygg som kosta 350 millionar kroner.

Nøgde elevar i flunkande nytt auditorium. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad.

Nøgde elevar i flunkande nytt auditorium. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011