Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndals Aktiebageri

Huset som Sogndal Aktiebageri bygde i 1926. I 1945 vart namnet endra til Sogndal Samyrkelag. Foto: Leiv Bergum.

Huset som Sogndal Aktiebageri bygde i 1926. I 1945 vart namnet endra til Sogndal Samyrkelag. Foto: Leiv Bergum.

Då dette «samyrkelaget» kom i gang i 1914, hadde det hatt ein forløpar som heitte Sogndal Spareforening - eit forbrukareigd handelslag som vart skipa i Sogndal i 1873.

Etter opptak frå bonde Nils Rutlin og lensmann Nils Landmark Lem vart så lutlaget Sogndals Aktiebageri L/L skipa i 1914. Det fekk kring 70 medlemer og kjøpte eit bakeri som ein bakar frå Sogndalsdalen, med etternamn Nilsen, hadde drive. På folkemunne vart forretninga kalla «Aksjen». Laget bygde ny forretning i 1926.

Annaonse for møblar frå Sogndal Samyrkelag ca. 1960.

Annaonse for møblar frå Sogndal Samyrkelag ca. 1960.

I 1945 endra Sogndals Aksjebakeri namn til Sogndal Samyrkelag, og opna i 1946 også manufaktur- og møbelforretning i lokale som dei leigde hjå Olav Fardal. Frå 1948 til 1956 var den kjende forretningsmannen Kåre Navarsete styrar på samyrkelaget. Eit utsal som Sogndal Ullvarefabrikk dreiv i Fjøra vart i 1958 overteke av samyrkelaget.

Samyrkelaget bygde nytt, stort forretningsbygg i 1970, og gjekk inn i Sogn Samvirkelag (sjå Coop Mega Indre Vestland) då dette vart skipa i 1965.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011