Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndalsfjøra skiftar andlet

Sogndal med Lemhagen i framgrunnen i 1900. Foto: Nils O. Reppen. Eigar: Sogndal Sogelag.

Sogndal med Lemhagen i framgrunnen i 1900. Foto: Nils O. Reppen. Eigar: Sogndal Sogelag.

Ut over 1800-talet skifta Sogndalsfjøra etter kvart karakter til eit meir mangslunge bygdesenter. I 1849 vert det nemnt at det bur omlag 500 menneske på staden. På denne tida auka talet på handverkarar sterkt, og kom opp i 48 registrerte handverkarar i 1848. Midt 1800-talet hadde Sogndalsfjøra kvitta seg med stempelet som «bygdeslum» og fattigkvarter.

I 1841 fekk Sogndal den første banken på landsbygda på Vestlandet, då Sogndal Sparebank vart skipa. Men det er likevel merkeleg at langt ut på 1800-talet hadde «bygdesenteret» berre ein kjøpmann - på Hofslund - og så seint som i 1865 er det berre 8 personar som er registrerte som sysselsette i handel. I 1873 kom så den kundeeigde Sogndal Spareforening med si forretning til, og andre handlande starta på same tid.

Bernt Tunold: Sogndalsfjøra. © Blomqvist Kunsthandel.

Bernt Tunold: Sogndalsfjøra. © Blomqvist Kunsthandel.

Gav arbeid til mange

Eit viktig tiltak som gav strandsitjaraane arbeid og inntekter, var då svensken August Sjøberg kom til bygda i 1855 og starta Sogndal Tændstikfabrik ved fossen i Sogndalselva. Her fekk fattigfolk frå Fjøra i arbeid - både menn, kvinner og born. I 1875 arbeidde det 30 menn og 38 kvinner ved fabrikken. Sjølv om kjemikalia både var giftige og ekstremt brannfårlege, var det vanleg at arbeidsfolket tok med seg «heimearbeid» ned til Fjøra, der dei sat og pakka dei eldsfårlege fyrstikkene i den tettbygde husklynga.

Ny tid med båtrutene

Amtsbaatane (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) opna for ei ny tid med lettare varebyte og turisme, og Sogndal kom med på ruteplanen heilt frå starten av rutene i 1858. Gjestgiveriet på Fossetunet vart erstatta med hotell, og ved Sogndalselva kom det både mølle og ullvarefabrikk. I 1893 byggde hotelleigar Danielsen det første meieriet i bygda. Bygdesenteret fekk elles både urmakar, fotograf, slaktar og blikkenslagar før hundreåret var ute.

Sjå også: Industri og næring i Sogndal

Hovudside: Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra

Sogndalsfjøra i dag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndalsfjøra i dag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011