Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndalsfjøra stoppestad

Rutebåten ”Norafjord” klar til avgang frå Sogndal på veg til Fardal, Slinde og Fimreite ein gong på 1920-talet. Denne ruta gjekk berre to gonger i veka, så det var ikkje så rart at det var fullt. Ukjend fotograf. Eigar: Borghild Bårdgard/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndalsfjøra vart stoppestad for Fylkesbaatane frå ruteselskapet vart skipa i 1858.
Eigar av Danielsens Hotell, Daniel Danielsen, vart ekspeditør. I 1914 tok kommunen over kaia og dampskipsekspedisjonen, men hotelleigaren heldt fram som ekspeditør.

Sogndalsfjøra ca. 1900. Dampskipskaia ser vi til venstre i biletet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndalsfjøra ca. 1900. Dampskipskaia ser vi til venstre i biletet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Billett for å sjå på "dampen"

Kring 1900 var det hotelleigar og kjøpmann Daniel Danielsen som var dampskipsekspeditør i Sogndal. Han bygde ei låst grind i bakken som gjekk ned til kaia. Folk som ville ned og sjå på "dampen" måtte løyse billett ved grinda. Det kosta fem øre å sleppe gjennom grinda og ned på kaia. Ei liknande billettordning freista ein seg også på ved kaia i Vik.

Ekspressbåten

Sogndal vart endestoppestad for ekspressbåten Sogn-Bergen frå 1996. Då førde det nye tunnel- og vegsambandet over Fodnes-Manheller til at ekspressruta sløyfa Årdalstangen, og ruta vart nedkorta med ny endestopp i Sogndal.

Kaia i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaia i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.08.2011