Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndalskvinne vart meieripionér

Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab løyvde i 1864 pengar for å sende folk til opplæring i mjølkestell og meieribruk på eit privat «herregardsmeieri» hjå proprietær Garmann på Utstein kloster ved Stavanger. Den utvalde var Teodora Selseng frå Sogndal.

Etter utdanning på Utstein vart ho engasjert som vandrelærar i meiribruk i Sogn og Fjordane, og starta arbeidet i Nordfjord i 1865.

Men bøndene ville ikkje betale korkje løna hennar eller yte fritt opphald for Teodora Selseng, slik tanken var, og ho måtte gje seg i 1868. - Kan hende var det også ein inngrodd skepsis den tida til at kvinner kunne ha slike stillingar? For då Landhusholdningsselskapet like etter utdanna nokre menn som såkalla meierimeistrar og tok til å sende dei rundt på «misjonsferd», gjekk det langt betre enn det hadde gjort for Teodora.

Les meir om: Meierihistoria i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.11.2008