Hopp til innhold
X
Innhald

Sogningen Storsenter

Sogningen Storsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogningen Storsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogningen Storsenter i Gravensteinsgata vart opna i 1998, og er eit av dei største varesentra i Sogn og Fjordane med over 40 forretningar og serviceverksemder.

Domus og K-senteret saman

Hovudelementa i bygget er Samvirke Sogn sitt Domus-varehus og nabobygget K-senteret til Rolf Navarsete. Ved ei utbygging av Sogningen Storsenter til 120 millionar kroner fekk senteret eit samla forretningsareal på 16.000 kvadratmeter og i tillegg stort parkeringshus i kjellaren. Ved kjøp av eigedom vart den samla investeringa 170 millionar kroner.

Seinare har Sogningen Storsenter AS gjort leigeavtale på nabobygget til Åberge Bygg Invest for 60 år. Sogningen Storsenter inneheld i 2003 43 butikkar fordelt på 26 ulike bransjar.

I 2002 omsette forretningane på Sogningen Storsenter for 354 millionar kroner, og senteret reknar at gjennomsnittleg kring 50.000 kundar er innom senteret kvar veke.

Stor utviding og nytt namn

I 2011 vart det avgjort at senteret skal byggjast ut og oppgraderast for til saman 180 millionar kroner. Dette gjer Sogningen Storsenter 6000 kvadratmeter større. Våningshuset og driftsbygningen på Arvål må rivast for å gje plass til utvidinga. Det er Amfi og Coop som eig senteret, som i 2012 skiftar namn til Amfi Sogningen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2012