Hopp til innhold
X
Innhald

Soldatopprøret i 1659

Her i Solvorn gjekk det hardt for seg i 1659. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Her i Solvorn gjekk det hardt for seg i 1659. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Våren 1659 kom løytnant Paul Wilhjem til Sogn for å skrive ut soldatar til krigen mot svenskane. Han samarbeidde med futen Christoffer Giertsen. Solvorn var møteplass for innskrivinga.

Dei innkalla saboterte oppropet, og det enda med at løytnant og fut rauk i slagsmål med bondegutane. Det vart brukt både kniv og øks, og tønner som slagvåpen.

Løytnanten fekk djupe kutt og blødde stygt. Han rømde inn i ei stove, men sogningane fylgde etter. Løytnant Wilhjem berga seg såvidt unna då Johannes Olson Kvåle hoppa opp på bordet, klar til å hogge ei øks i skallen på offiseren.

Straffesaka kom for retten i 1661, men dei tiltala sende eit bøneskrift til slottsherre Ove Bjelke på Bergenhus og trygla om nåde. For å sleppe fri, la dei skulda på «nokre husmenn og ryggesløse drengar» som dukka opp for å hemne eitt eller anna etter beleiringa av Trondheim. Men bøneskrivet var til lita nytte: Johannes Kvåle og sju andre vart dømde til å leggjast i jarn og vart sende til tvangsarbeid på Bremerholm festning ved København.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011