Hopp til innhold
X
Innhald

Sølvet i Kongaberg

Kongaberg, der ei segn fortel at det har vore gøymt ein sølvskatt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kongaberg, der ei segn fortel at det har vore gøymt ein sølvskatt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved garden Navarsete ligg Kongaberg. Her skal det etter segna ha vorte gøymt ein sølvskatt. Eit skrin var løynt i ei steinur, og ein kjel full av sølv stod oppe i berga. Den einaste som visste kvar skattane var, og forsynte seg når han trengde det, var Per-Ola i Årvål. Han hadde skrive ned i ei bok kvar sølvet låg, men då huset hans brann, brann boka også opp.

Seinare skulle folk ha sett ein ljoske over der sølvet låg løynt. Seinare skal ein jeger ha funne eit skrin med sølv i på ein stad som heiter Rabben, fortalde historikaren Vilhelm Christian Flugeim etter bestefaren sin.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2011