Hopp til innhold
X
Innhald

Spissrotgang i Fjærland

Ein tenestegut som heitte Ivar hadde arbeid hjå bonden Arne på Hamrum i Fjærland ein gong på 1600-talet. Ein gong då Ivar hadde dengt opp husbonden sin, kom han ille ut fordi han var soldat.

Ivar vart stilt for krigsrett, som dømde han til å få eine handa avhoggen. Men så ille gjekk det ikkje: Domen vart mildna, slik at Iver berga handa, men måtte springe spissrotgang tre gonger mellom 100 mann.

Spissrotgang var eintydande med at han bakbunden, og med berr overkropp, måtte springe mellom mannsrekkja, der kvar mann skulle dengje eller stikke han med eitkvart kvar gong han sprang forbi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011