Hopp til innhold
X
Innhald

Stein Bondevik

Stein Bondevik. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Stein Bondevik. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Stein Bondevik fødd 1965, frå Sogndal. Geologiprofessor. Cand. scient. ved UiB 1993, dr. scient. 1996.

Bondevik arbeidde som forskar og amanuensis ved universiteta i Bergen og Tromsø og ved University of Washington i USA før han i 2007 vart 1. amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og seinare professor i geologi ved same høgskule.

Bondevik er m.a. ein internasjonalt kjend ekspert på tsunamiar og har skrive artiklar i det verdskjende fagskriftet ”Nature”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016