Hopp til innhold
X
Innhald

Steinbrotplanar ved Amla

Ombandsnes er neset til venstre i biletet. Her var det planar om steinbrot. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ombandsnes er neset til venstre i biletet. Her var det planar om steinbrot. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ombandsnes heiter neset som ligg mellom Amlabukti og Lustrafjorden. I 1883 vart det vurdert å starte steinbrot på Ombandsnes, og i 1918 fekk firmaet A/S Hvit Granitt ei 50års kontrakt på å kunne drive ut granitt mot å betale 50 kroner kubikkmeteren til grunneigarane. Men planen om steindrift vart ikkje gjennomført. Ombandsnes, der steinbrotet var planlagt, vart i 1826 kjøpt av nokre bønder på Hauge i Lærdal på ein tvangsauksjon på garden Nedre Amla.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009