Hopp til innhold
X
Innhald

Storgarden på Kvåle

Hovudbygningen på Kvåle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen på Kvåle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rike gravfunn frå omlag 600 e. Kr. viser at Kvåle har vore ein storgard heilt frå eldre jernalder. Garden ligg på ei terrasse i dalføret.

Kvåle var i mellomalderen ein av setegardane i Sogndal. Det var her ein av leiarane for attentatet på lendmennene til kong Sverre i Lusakaupang jula 1183 kom frå - sjå: Kong Sverre brende Lusakaupang. Han heitte Antor. Seinare budde lendmannen Jon Stål og hans slekt på Kvåle.

Frå utgravingane på Kvåle i 2006. Dette er ei registreringssjakt. Foto: Marit Anita Skrede. Eigar Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Frå utgravingane på Kvåle i 2006. Dette er ei registreringssjakt. Foto: Marit Anita Skrede. Eigar Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Stolpehol på Kvåle, frå 400-600 år før Kristus. Foto: Marit Anita Skrede. Eigar. Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Stolpehol på Kvåle, frå 400-600 år før Kristus. Foto: Marit Anita Skrede. Eigar. Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Stort gardstun

Tunet på Kvåle vart i 1314 omtala som eit svært stort gardstun med over 20 hus, m.a. mannskleve, miklastove (gildestove), sovestove for fru Ingerid, bukonestove, eldhus, nystove, møyarstove, badstove, vevstove, prestestove, og ei kyrkje som vart lagt ned i 1544.

Utanom desse hadde garden ein mengd fjøs, stallar, løer, buder og kvern. I 1332 eigde drottseten Erling Vidkunsson ein tredjepart av Kvåle. Han var også eigar av Giske-godset og Bjarkøy-godset, og eigde også storgarden Husabø på Systrond - sjå: Kongsgard på Husabø. Frå 1300-talet veit ein elles at adelsmannen Jon Brynjulvsson budde på Kvåle-garden. I første del av 1600-talet vart Kvåle kjøpt av den kjende godskjøparen Niels Pedersøn, og vart dermed borgareigd gods.

Frå utgravingane på Rutlin i 1998. Foto: Søren Diinhoff. © Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Frå utgravingane på Rutlin i 1998. Foto: Søren Diinhoff. © Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Store fornfunn på Rutlin

Like aust for garden Kvåle ligg garden Rutlin, der det sist på 1990-talet vart grave fram tufter etter ein stor gard frå bronsealderen. På Rutlin var det også tingstad på slutten av 1600-talet.

Les også om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Funn frå mellomalderhuset på Rutlin. Fire fragment av ei bakstehelle og eit spinnhjul. Foto: Søren Diinhoff. © Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga

Funn frå mellomalderhuset på Rutlin. Fire fragment av ei bakstehelle og eit spinnhjul. Foto: Søren Diinhoff. © Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.08.2011