Hopp til innhold
X
Innhald

Storgarden Stedje

Hovudhuset på Stedje er frå 1744, men er seinare bygt ut, mellom anna med det særmerkte tårnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Stedje er frå 1744, men er seinare bygt ut, mellom anna med det særmerkte tårnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje ligg på sørsida av utløpet til Sogndalselvi. På garden er det gjort rike fornfunn som viser at det har budd rikfolk der alt i bronsealdertida. Alt i mellomalderen var Stedje såkalla adeleg setegard.

Runestein ved Stedje kyrkje

På ei reine høgt over bygda stod den store hovudkyrkja for Sogn, Stedje kyrkje, og like ved den nye kyrkja står framleis ein runesteinen med sine mystiske skifter.

På dette flyfotoet frå 1954 ser vi Øvre Stedje med kyrkja nærast. Den store bygningen var på denne tida aldersheim. Ved fjorden ser vi husa på Nedre Stedje. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

På dette flyfotoet frå 1954 ser vi Øvre Stedje med kyrkja nærast. Den store bygningen var på denne tida aldersheim. Ved fjorden ser vi husa på Nedre Stedje. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Kaupanger og Stedje vert adelsgods

Eigartilhøva på Stedje var i fleire hundre år samanfallande med eigartilhøva på Kaupanger-godset. På 1500-talet var Stedje bustad for futane i Sogn - m.a. Svend Bagge og Truls Jude.

Største fruktgard i Norden

Storgarden er mest kjend for at den på 1800-talet hadde den største frukthagen i Norden - med 6666 utplanta tre.

Tunet på Stedje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tunet på Stedje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Staseleg hovudhus i sveitsarstil

Henrik Krohn tok over, stod eit hovudhus frå kring 1744 i tunet. Krohn utvida og bygde om huset i ein frodig sveitsarstil med eit par arker og eit karakteristisk tårn i eine hjørnet. Føredømet skulle visstnok vere hovudhuset på Ole Bulls «Lysøen». Inne vart huset utsmykka med utskjeringar og målte dekorasjonar i tak og på veggar.

Øvre Stedje med gardshusa til høgre og Stedje kyrkje til venstre ein gong mellom 1915 og 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Berta Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Øvre Stedje med gardshusa til høgre og Stedje kyrkje til venstre ein gong mellom 1915 og 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Berta Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avlsstasjon

I 1877 fekk fylket sin første avlsstasjon for telemarksfe på Stedje. Etter mykje sjukdom gjekk ein over til avl på vestlandsfe på garden. I 1884 vart denne avlsstasjonen overteken av Knagenhjelm på Kaupanger Hovedgård.

Hagelin-familien på slutten av 1940-talet. Bak frå v. Hans Andreas Hagelin, sonen Hans Julius, kona Olga og Ida Marie, kona til Hans Julius. Framme dottera deira, Johanne. Foto frå Sogndal bygdebok, i privat eige.

Hagelin-familien sidan 1899

Etter at Henrik Krohn døydde i 1879, styrde enkja Hanna Krohn garden med hjelp frå paktarar. I 1899 vart Stedje-garden kjøpt av Bergens-gullsmeden Hans Andreas Hagelin, og garden har vore i denne slekta si eige sidan.

Nytta til camping

I nyare tid har garden sidan 1961 vorte nytta til Stedje Camping, der det i 2003 også finst ni utleigehytter. Mykje av den dyrka jorda har sidan sist på 1900-talet vorte nytta som utvidingsareal for handel og bustadfelt i tettstaden Sogndal.

På Stedje Camping kan gjestene slå seg til mellom frukttrea. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Stedje Camping kan gjestene slå seg til mellom frukttrea. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.08.2011